"SER DU DET SOM EG SER? "

Synleggjering av kompetanse hjå å tenestemottakar -

dialog om sosialt nettverk gjennom felles aktivitet

 

Svein Dag Svendsen

Fordjupingsoppgåve

Tverrfagleg vidareutdanning i rehabilitering 1997‑99

Helsefaghøgskulen i Ålesund

 

1.0. INNLEIING

 

 

Dette punktet plasserer tema og termaval inn i ein samanheng knytt til helsepolitiske føringar, fagleg ståstad og teoretisk bakgrunnsteppe.

 

 

1.1. Bakgrunn for val av tema og problemstilling

 

 

Innan feltet sosialt nettverksarbeid har ein utvikla kunnskap og dokumentasjon som tyder på at samspel og deltaking har ein viktig påverknad i høve menneske sitt liv og helse. Bokverk og artiklar har i aukande grad vorte tilgjengeleg om temaet. Sosialt nettverksarbeid som metode og strategi har kanskje sine sterkaste tradisjonar innan rusomsorg, barnevern og til dels psykisk helsevern for barn og unge. Elles har helsevesenet i mindre omfang integrert dette som ein fagleg innfallsvinkel. Dette kan best forklarast ut frå sterke medisinske tradisjonar og dei føringar dette har gjeve for forståinga av helseomgrepet. WHO har opna for ei vidare forståing ved å seie: Helse er ikkje berre er fråvær av sjukdom eller lyte, men fullstendig kroppsleg, psykisk og sosialt velvære. WHO omtalar dette nærmare i sitt klassifiseringssystem ICD 10. Der framtrer individet si evne og høve til samspel og deltaking med andre menneske som ein av grunnsteinane for helse. I Stortingsmelding 2 1, "rehabiliteringsmeldinga", omtalar ein rehabilitering som ein prosess som skal bygge opp under brukar si li meistringsevne, sjølvstende og deltaking sosialt og i samfunnet. " (St. m. 2 1, 1998-99, s. 10) Dette rammer inn og legaliserer sosialt nettverksarbeid som ein viktig del av verksemda til helseinstitusjonane og habilitering rehabiliteringsarbeidet.

 

 

Seksjon for Vaksenhabilitering har som målgruppe; menneske med medfødt eller tidleg erverva sjukdom, skade eller lyte som gir vedvarande funksjonsvanskar. Ei målgruppe er menneske med psykisk utviklingshemming. Vi tar ofte imot tilvisingar frå kommunar som ber om bistand i høve psykisk utviklingshemma menneske med samspelsvanskar. Dette kan for somme kome til utrykk i form av psykiske lidingar, rusproblem og vanskar med å etablere stabile og ivaretakande kontaktar. Sosialt nettverksarbeid utgjer i aukande grad eit nedslagsfelt for vår verksemd.

 

 

Ein føresetnad for sosial nettverkskartlegging er å legge til rette for og skape ein dialog. Ein likeverdig dialog krev at dei ulike meingane vert tilgjengelege og høyrde.

 

 

Ein tenesteytar kan ha vanskar med å høyre eller oppfatte bodskapen frå tenestemottakar. Ein tenestemottakar kan ha vanskar med å formidle sine tankar, ønskjer og si oppleving av verda kring seg. Når vi ønskjer å hente inn tenestemottakaren som aktiv og deltakande i kartlegginga av sitt eige sosiale nettverk, må vi søke former for dialog som kan tene dette formålet.

 

 

Som ergoterapeut er det naturleg å nytte aktivitet som terapeutisk virkemiddel. Aktivitet er eit kjerneomgrep for faget. Det handlar om terapeutisk bruk av aktivitet for å (re)habilitere individet i retning av ønska eller tenleg funksjon og rolle. Aktivitet er eit middel og ein metode for å nå terapeutiske mål. Aktivitet er ikkje eit mål i seg sjølv. Like viktig som å sjå individet føresetnader, er å sjå aktiviteten sitt potensiale. Ergoterapeuten nyttar ei aktivitetsanalyse. Menneskelege aktivitetar er knytt til den verd og kultur vi lever i. Likeframt har kvart individ sine unike motivasjon-, verdi-, og aktivitetsmønster. Dette gir avgrensingar og opningar for terapeutisk bruk av aktivitet. Ein vidare omtale av ergoterapi fell utanfor det eg ønskjer å fokusere på. Eg finn likevel denne omtalen relevant, då det kan gje bakgrunn til å forstå noko av min ståstad for oppgåveløysinga.

 

 

Den skisserte stoda og mi eiga interesse for feltet, dannar grunnlaget for oppgåveskrivinga. Samtidig "kastar eg meg ut på djupt vatn." Ein arbeidsmåte, der eit figurmateriale medverkar som hjelp i dialogen, er nytt for meg. Eg nyttar Familie Dialog Set, som eg vil omtale nærmare seinare i oppgåva. Oppgåva er ei fagleg utfordring, ved at eg på denne måten søker nye vegar for mi yrkesutøving generelt og for arbeidet med psykisk utviklingshemma. Målgruppa er etter måten lite omtalt i faglitteraturen om sosialt nettverksarbeid, særskilt i høve til det kliniske perspektivet. Dette gjer det særskilt viktig a vie oppgåva til dette feltet.

 

 

Det teoretiske bakgrunnsteppet for problemstillinga følgjer: Når vi forflyttar oss i terrenget, er det naudsynt å finne nye kart som angir moglege vegval. I vårt arbeid møter vi nye menneske og deira historie. Om vi verkeleg ønskjer å møte desse menneska og evne å høyre deira historie, hender det at vi må finne nye vegar. Om vi ukritisk går dei same gamle kjente vegane om att, kan vi risikere å passere utan at vi let oss merke av om det er skilnad mellom eit bilde slik andre har teikna det og personen si eiga forteljing. Pedagogiske- og miljøterapeutiske tradisjonar på feltet har, slik eg oppfattar det, langt på veg har hatt som føremål å oppdra menneske med ei psykisk utviklingshemming til mest mogleg gagnlege menneske, sett ut frå hjelparen eller samfunnets ståstad. Dette botnar i eit syn der ein ser på hjelparane som innehavarar av ein kompetanse som overgår tjenestemottakaren sin kompetanse.

 

 

"Det er ikke tilstrækkeligt, når psykisk udviklingshemmedes liv blir iscenesatt af proffesionelle der på forhånd har kortlagt tilværelsen og tilrettelagt løsningerne. Det er muligt, at pædagogerne blir dyktigere til at løse tilværelsens mange problemer på denne måde, men de udviklingshæmmede blir det ikke. De blir mer udviklingshæmmede (Jessen, 1996 s. 8)

 

 

Vi står i fare for å utøve modellmakt, som eg vil omtale nærmare i teoridelen.

 

 

Denne maktdissonansen som ligg i rollefordelinga mellom tenestemottakar og tenesteytar er ikkje eintydig med maktovergrep og negative sanksjonar. I følgje Michel Foucault er makt eit nøytralt omgrep som kan vere både regulerande og produktiv i høve menneskeleg samspel. Eit døme på dette kan vere lærar‑elev forholdet som er prega av ulik makt. "Læreren har en kunnskap, og dermed en autoritet, som eleven ikke har, men trenger, ønsker eller lignende. Uten dette maktforholdet er ikke etablering av ny kunnskap mulig" (Lundby, 1998 s. 9)

 

 

Michael White forklarer maktpraksis som undertrykkjande når det oppstår;

 

"kulturelle og sosiale objektgjøring og tingliggjøring som føregår i vår kultur, gjennom vitneskaplige merkelappar og diagnoser. " (Ibid.) Det er tale om ein eksklusjon basert på tillagt identitet eller "marginalisering av folk gjennom identitet. " (Ibid.) Dette ligg nær opp til &Kristiansen si framstilling av sosiale devalueringsprosessar, som er kjent frå tidlegare pensum i utdanninga. (Kristiansen, 1994)

 

 

Ei motkraft til objektgjering og historieframstilling på tenesteytaren sine premisser, er å la tenestemottakaren sjølv korne til orde. Det er tale om å sjå personen sjølv som verdig talsmann og identitetsskapande historieforteljar i sitt eige liv. Dette kan vi truleg einast om. Likevel er spørsmålet; korleis kan vi få dette til ? Dette fører til oppgåva sitt kjernespørsmål:

 

 

Ser du det som eg ser ? Underforstått; kan vi gjera tenestemottakaren sin kompetanse meir synleg ?

 

 

1.2. Presisering av problemstillinga

 

 

Oppgåva sitt fokus er kartlegging av sosial nettverk gjennom metodisk tilrettelegging av dialog. Sosial nettverkskartlegging kan gjerast ved å spørje informantar i sjølve nettverket. Det er særskilt aktuelt dersom tenestemottakar i liten grad vert oppfatta til sjølv å vere orientert eller i stand til å uttrykkje seg. Ikkje sjeldan oppstår konfliktar når dialogen ekskluderer den eine part som likeverdig og ansvarleg aktør. Dette kan oppstå når dialogen manglar kodar eller språk som inkluderer meiningsytringar frå begge partar. Ein dialog er kjenneteikna ved at to (eller fleire) sender signal eller bodskap seg imellom ved bruk av samtale.(Fremmedordboka 1978) Ein føresetnad er; ein felles kode eller språk som kan gjera bodskapen meiningsberande mellom partane. For å styrke partane som deltakande og utvekslande bodskapsaktørar i dialogen, freistar eg i oppgåva å komplementere den verbale kommunikasjonen med ein felles aktivitet. Dette skjer ved å ta i bruk eit figurar og landskapsmateriale som kan konkretisere og synleggjere oppfatningar og meiningsytringar. Gjennom denne utvida dialogforma freistar eg å synleggjere tenestemottakar sin kompetanse i form av personlege oppfatningar, ønskjer og kjensler som knyter seg til det mellommenneskelege samspelet. Eg ønskjer eit perspektivskifte: Ser du det som eg ser ?

 

 

Føremålet med oppgåva er å sjå om kartleggingsarbeidet kan komplementerast, ved å inkludere brukarperspektivet i større grad. Verknader av tiltaksutøvande art kan sjåast som sekundære føremål.

 

 

Oppgåva er sentrert kring to samtalar mellom meg og Ole, som eg vel å kalle tenestemottakaren. I den første samtalen deltok lærar og buleiar, tildelt rolla som "reflekterande team." Eg gjer greie for dette seinare i oppgåva.

 

 

1.3. Oppbygging av oppgåva og sentrale omgrep

 

 

Oppgåva følgjer ein tradisjonell mal. Etter innleiinga følgjer teoribolken, etterfølgt av ei analyse der den kliniske utprøvingssituasjonen vert vurdert i lys av dei teoretiske forankringane. I siste del av oppgåva tar eg for meg dei svar eller føringar som eg finn grunnlag for å trekkje ut av oppgåva.

 

 

To gjennomgåande omgrep er tenestemottakar og tenesteytar. Omgrepa karakteriserer at det er ulike roller eller aktørposisjonar i samspelet. Andre tilsvarande omgrep kan til dømes vere bistandsmottakar og bistandsytar, klient og rådgjevar. Oppgåva legg ikkje til grunn distinkte ulikskapar mellom desse omgrepa. I delar av oppgåva nyttar eg namnet Ole som subjekt for tenestemottakar. Ved einskilde høve nyttar eg omgrepet terapeut i staden for tenesteytar, der eg finn det tenleg å skilje mellom dei primære tenesteytarane (buleiar, lærar) og m i rolle i saka. Dei teoretiske

omgrepa vert omtalt undervegs i teorikapittelet. Dette er i hovudsak omgrep som er

henta frå pensumlitteraturen.

 

 

1.4. Kasusomtale og situasjonsbilete

 

 

Ole flytta frå foreldreheimen til ein kommunal bolig for eit år sidan. Dette innebar også ei flytting bort frå oppvekstmiljøet. I den nye bu- forma var det kommunalt tilsette personale. Dei ynskte at Ole skulle få utvikle- og tilpasse seg mest mogleg fritt. Det førte til at ein var svært forsiktig med å gripe inn i hans daglegliv og livsførsel, den første tida. Han vart no tilvist Seksjon for vaksenhabilitering med ønske om bistand til nettverksorienterte tiltak. Ole synte ei tiltakande uheldig utvikling knytt til åtferd og samspel. Det sosiale utviklingsmønsteret bar preg av sosial omgang med mindreårige. Ole sitt husvære vart delvis nytta som samlingsarena. Rus og volds­- eller pornografiske filmar syntest å utgjere ein sentral del av fellesskapet. Det var mellom anna mistanke om kjøp av alkohol til mindreårige. Ole framheva sitt husvære som privat og skjerma det for tilgjenge for tilsette. Personalet opplevde at han i aukande grad var unnvikande i kontakten eller synte kraftige sinnereaksjonar som ikkje syntest å stå i samanheng med situasjonen der og da. Ole synte tiltakande vanskar med å følgje ei normal døgnrytme (t.d. å stå opp til arbeid) og var observert i å utføre hærverk.

 

 

Eg har gjort følgjande notat i journal, som i ei omskriva og samanfattande form kan gje eit utfyllande biltete av situasjonen. " Ole har ei psykisk utviklingshemming, som i diagnostisk samanheng ligg i grenselandet mellom moderat og alvorleg. Han har etter måten ei god verbal språkføring. Dette er ein klar ressurs for hans evne til å etablere og tilpasse seg sosiale grupperingar. På same tid har han truleg vorte overvurdert i høve funksjonsnivå, slik at forventingar og krav ikkje har slått i samsvar med det åtferds og handlingsreportuar som han rår over. Dette har truleg ført til ei maksimering av kompenserande strategiar og pseudo tilpasninger. Ole har oppretthalde ei form for likevekt i det nære relasjonssystemet inntil trussel om avsløringar og lojalitetspress mellom ulike mikrosystem har ført til ei tillakande utvikling av aggressiv åtferd og samspelskonflikter ... Mellom anna syner Ole omfattande vanskar knytt til korttidsminne. Han kompenserer for manglande oversikt i dialogen ved å skygge unna vanskelege tema og valsituasjonar, samtidig som han introduserer kjente, repeterande tema som han har eit etter måten rik vokabular i høve til ... I den første samtalen medpersonalgruppa vart tiltak som fremmer Ole sin dugleik til å gjera sjølvstendige val og medfølgjande ansvarstaking, framstilt som eit primært ønskemål. "

 

 

For ei utdjupande forståing av dei individuelle føresetnadane viser eg til DSM­-IV.(Vedlegg I.) Diagnosemanualen opererer med fire nivå av mental retardasjon. Dette er "mild, moderate, severe and profound mental retardation " eller tilsvarande lett-, moderat-, alvorleg- og djup psykisk utviklingshemming. Moderat psykisk utviklingshemming (DSM-IV 318.0.) og Alvorleg psykisk utviklingshemming (DSM-IV 318. 1.) skil seg frå einannan ved at evnenivå eller akademisk- teoretisk dugleik tilsvarar 6-9 år og 3-6 år, med eit adaptivt funksjonsnivå som samsvarer eller underbygg funna. Tilstanden har oppstått før fylte 18 år.

Ved den innleiande kontakten syntest særskilt eit karaktertrekk å framstå ved det sosiale nettverk. Det gav assosiasjonar til Brunfennbrenner sin økologiske modell. Eg tar ikkje høgde for ein vidare omtale av modellen. Eg vel likevel å nemne at. nettverket i bar preg av fleire mikrosystem med lite kontakt innbyrdes. 'Mikrosystemet er den del av natverket, som individen er i direkte interaktion. " (Seikkula 1998 s. 28) Ole hadde såleis kontakt med fleire grupperingar utan samspelsliner på tvers av grupperingane. Dette kan i følgje Seikkula føre til eit oppsplitta mesosystem. «Mesosystem som bildas av kontakter mellan olika mikrosystem. (Seikkula 1998 s. 30) Seikkula syner vidare til undersøkingar som tyder på at ein svekka dialog mellom mikrosystem aukar risikoen for psykiske vanskar.

 

 

Dette situasjonsbiletet skapar trong om terapeutisk intervensjon. På same tid er terapeuten sitt repertoar grunna i det vitskaplege tankespennet. Som grovsortering kan ein dele tiltak i to hovedretninger. Den eine retninga er knytt til knytt til identifisering av mest moglege objektive kriterier som basis for operasjonalisering av observert åtferd, kontrollerte tiltak og nøytrale effektmålingar. Nøytraliteten er legalisert i kraft av basiskriteria. Den andre retninga fokuserer på identifisering av subjektive oppfatningar som basis for å forstå og skape meiningsberande samanhenger, refleksjonsorienterte tiltak og subjektivt tolkande effektvurderingar. Den første retninga er i sin yttarste konsekvens mekanisk og eksternt kontrollert. Den andre retninga er, i den motsatte konsekvens, ein organisk materie i stadig endring utan karakter av lovmessig orden. Båe retningane er selektive med omsyn til sanningskonstruksjonar. I dette landskapet ligg terapeuten sine faglege referansar og grunnlaget for metodeval. Når ein vel noko, vel ein samtidig bort noko anna. Det er freistande å seia som Ole Brum " Ja takk, begge delar. " Under dette dilemma kan målsetjingane- eller problemformuleringane i ei sak, vere vegleiande. I oppgåva orienterer eg meg i retning av den subjektive verdsoppfatninga til tenestemottakar. Tittelen på oppgåva annfører ei synleggjering av brukarperspektivet: Ser du, det som eg ser? Denne tittelen avspeglar seg i dei teori og metodeval som rammar inn oppgåveløysinga.

 

 

2.0. TEORETISK FORANKRING PERSPEKTIV FOR PROBLEMLØYSING

 

 

Denne delen er delt i tre. Først omtaler eg den kommunikasjonsteoretiske forankringa. Deretter kjem vi i kontakt med omgrepet modellmakt, før eg skisserer ei mogleg metodisk oppbygging av eit sosialt nettverkskart.

 

 

2.1. Kommunikasjonsteoretisk forankring

 

 

Med oppgåva ønskjer eg å hente fram tenestemottakaren som ein kompetent forfattar av si eiga livshistorie. Det er behov for ein dialogform der tenestemottakaren sitt bidrag vert definert positivt og personlege uttrykk vert tillagt ein meiningsberande og verdig kompetanse. Ut frå ønsket om å nå den unike og personlege historieforteljinga finn eg det tenleg å nytte ei dialogform som vektar eit sirkulært og ikkje hierarkisk samspel. Dette i motsetning til ein lineær dialog, der kompetanse vert knytt til kjede­forklaringar, generalisering og lovmessig orden framfor det menneskelege unntaket.

 

 

Dette leder meg i retning av ei systemisk kommunikasjonsteoretisk forankring. Eg har funne det tenleg å nytte tankar frå G. Bateson (Johannesen m.fl. 1997), M. White (Lundby, notat udatert) og Geir Lundby (1998) som grunnsteinar. I tillegg viser eg til S. Reichelt (1996) og C. Jessen (1996) som har gjeve impulsar til tema.

 

 

Bateson introduserte eit utvida kommunikasjonsomgrep, der ikkje verbale signal og kontekst utgjorde ein vesentleg del av forståinga av kommunikasjon. "Communicare betyr "å gjøre felles ", og er ikke reservert for orden. » Derfor gir det etter vårt syn mening å inkludere alle sider som inngår i og skaper forutsetninger for samhandling, i begrepet kommunikasjon. " (Johannesen m.fl. 199 7 s. 81.) Dette utgangspunktet tilseier at terapeuten må rette si merksemd inn mot ein totalkommunikasjon, og vere var for tenestemottakaren si særeigne uttrykksform utover det verbale. Eg finn dette som ein tenleg ledetråd til å vere medviten at ulike uttrykksformer påverkar samspelet. Imidlertid vil eg vere svært varsam med tolkingar som gjev det verbale innhaldet andre meiningar enn det som er rimeleg å tillegga ordbruken. Dette for å unngå ein tilslørande dialog der tenestemottakaren ikkje vert møtt på det han faktisk uttaler. Ein risiko ved Bateson sitt utvida perspektiv er, slik eg ser det, at tenestemottakaren står i fare for å verte eit objekt i terapeuten sitt bilete‑ eller oppfatning av verda. Kommunikasjonsomgrepet er svært vidt definert. Terapeuten kan ikkje makte a omsette alle signal til kommunikasjon, men må gjera omfattande eigentolkningar. Det aukar risikoen for at terapeuten forfattar historia om tenestemottakaren sitt liv. Dette kan føre til ei historie om terapeuten si maktutøving framfor historia om tenestemottakaren si erobring av subjektiv identitet. "En tilpassing til andres forventninger vil derimod medføre en symbolsk identitet ... ... (Jessen, 1996 s. Il )

 

 

Bateson sitt utvida kommunikasjonsomgrep utgjer eit nyttig perspektiv. Eg følgjer han gjerne eit stykke på veg, men har vanskar med å omsetje delar av hans teoriar til støttepunkt for mi samhandling med tenestemottakar og for oppgåveløysinga. Eg har tillate meg å gjera eit lite utval av omgrep som eg finn særskilt nytte i. Samtlege omgrep er omtalt i boka til Johannesen mfl, kapittel 5.

 

 

Sirkulære samanhenge kan illustrerast ved at ulike variablar vert sett opp i ein sirkelformasjon med innbyrdes samspelslinjer. Desse linjene kan sjåast som strekar med piler i begge retningar. Det tyder at dei ulike variablane påverkar og vert påverka av einannan. Endringar av ein variabel får soleis konsekvensar for andre variablar i systemet. Sjølv om konsekvensane er ulike for ulike variablar, kan ein likevel seie at; alt hengjer saman med alt. I denne modellen kan "en forandring i en hvilken som helst del i sirkelen bli sett på som årsaken til forandringer På et seinere tidspunkt i enhver annen variabel i sirkelen. " (Johannesen m.fl. 199 7 s. 82 Omgrepet "årsaken" kan etter mi oppfatning synes som eit noko misvisande ord då dette gjenspeilar diagnostiske og lineære modellar, der ein har definert eit gitt utgangspunkt som "årsaken". Det er, etter mitt syn, tale om ein "medverkande" årsak der tilfanget av variablar (ulike årsaker) er tilnærma uendeleg. Individet sitt bidrag til kommunikasjon handlar om å gjera eit selektivt utval av variablar for å skape si eiga meiningsberande historie i den kontekst som han/ho sjølv opplever å vere i.

 

 

Historia sin verdi kan vere omfattande: " Ikke bare bestemmer historiene som folk har om sine liv meningen som de tilskriver erfaring, men disse historiene bestemmer også hvilke aspekter av den opplevde erfaringen som blir valgt utfor å tilskrives mening. " (Lundby 1998 s. 34) Dette perspektivet framstår som ei motkraft til ein

dominerande maktpraksis i det vestlege samfunn, slik Michel Fochault omtaler den” ... faktiske maktteknologien for å objektifisere mennesker... " (Lundby, udatert notat, s. 61) I eit samfunn som leiar menneske inn i klassifiserte identitetar, til dømes knytt til diagnosesystem, pedagogiske modellar eller marknadskreftene sin trong for å skape forbrukargrupper, vil interesse for individet si unike historie, eller unntaket frå lovmessig orden, framstå som eit trugsmål mot objektgjeringa sin freistnad på å oppnå sanningsstatus. Objektgjering eller tingleggjering handlar om dei kulturelle føringar som gjer at « ... ... folk blir konstruert som objekter og blir oppmuntret til å forholde seg til seg selv, til kroppene sine og til andre, som objekter. Dette er å fiksere og formalisere personer. » (Lundby, tidatert notat, s. 54)

 

 

Sirkulære samanhenger opnar for ulik forståing der den einskilde kan skape si eiga meiningsberande historie. Eg oppfattar ikkje dette som fasitsvaret på alle identitets­kriser, men som ein tenleg innfallsvinkel for oppgåva: Ser du det som eg ser?

 

 

Ulike versjonar av røyndomen: "Hva vi legger merke til, anser vi for vesentlig og uvesentlig, hva som vi til enhver tid er ':figur " og "bakgrunn ", varierer fra en person til en annen og fra ett øyeblikk til et annet hos den samme personen. " (Johannesen m.fl. 1997 s.85,) Dette illustrerer eit forhold som er vesentleg for alt samspel. Ein konsekvens er at deltakarar i ein samtale kan høyre det samme, men kan likevel ha ulik forståing av innhaldet. Kvar og ein skaper sin eigen versjon av meining eller bodskap i samtalen. I ein likeverdig dialog høyrer alle versjonane med som bidrag til ein viss konsensus eller felles forståing. Formålet med oppgåva er som kjent å gjera tydeleg tenestemottakaren si røyst som del av den felles forstå inga.

 

 

Symmetri og komplementaritet kan vere illustrerande omgrep for å skildre ein person sitt forhold til ulike personar i det sosiale nettverket. Omgrepa kan like godt vere nyttig i ei analyse av forholdet mellom tenestemottakar og tenesteytar, Symmetri er her jambyrdig åtferd. Komplementaritet er kjenneteikna av ulike, men utfyllande forhold eller storleikar. Til dømes kan personane A og B syne ulik, men utfyllande åtferd i eit samspel. Eit døme kan vere der den eine er sjølvhevdande, medan den andre er tilbakehaldande i si framferd. Både symmetrisk- og komplementær rolleutøving kan virke korrigerande på balansen i samspelet. I andre høve kan begge formene for rolleutøving fungere opptrappande og ende med eit system i krise. Ei opptrapping av eit symmetrisk mønster skjer til dømes når partane kjem i elt konkurranseforhold der person A prøver å overgå person B, der person B svarar med å innhente symmetrien som person A opplever som usymmetrisk osv. Dette kan føre til ei eskalering som gjer at systemet bryt saman. Det same skjer når person B svarer på person A si sjølvhevding med ytterlegare underkasting, som far person A til å respondere med ytterlegare sjølvhevding. Ulikskapen i dei komplementære rollene vert forsterka på ein negativ og repeterande måte. Det liknar på ein makt-motmakt prosess, der to standpunkt forsterkar kvarandre ved a stadfeste sin legitimitet gjennom å identifisere ulikskapar hjå kvarandre, framfor å søkje fellestrekk som samlar.

 

 

For å sjå dette i samanheng med tenesteytar‑tenestemottakar relasjonen vel eg å gjera ein nærmare omtale. Forholdet mellom tenestemottakar (X) og tjenesteytar(Y) er i utgangspunktet prega av komplementaritet, ved at

X innehar kompetanse som Y har trong om. Dette kan oppretthalde systembalansen ved at partane utfyller kvarandre. Partane kan også utfordre kvarandre og true systemet, som vist ovanfor. Dersom tenesteytar sin faglege identitet vert utfordra, kan autoritet og kompetanse nyttast som eit middel for å oppretthalde balansen. Tenesteytar sin suverenitet utviklar seg som ein respons på tenestemottakaren si oppfatning av stadig å ha sterkare trong om A sin kompetanse. Ved å verte meir avhengig, vert tenestemottakaren sin identitet som hjelpetrengjande større. I sin yttarste konsekvens har den personlege meiningsberande historia vorte fortrengt til fordel for kompetanseveldets maktpraksis og historieoppfatning. M. Fochault ville kanskje sjå dette som maktteknologien sitt endepunkt som har lukkast med å objektivisere individet inn i rolla som den hjelpelause som er totalt styrt og kontrollert. Samstundes er tenesteytar fanga i ei rolle det er vanskeleg å bryte ut av. Eit menneske med suveren kompetanse, gode ønskjer og høgverdig yrkesetikk kan vanskeleg nekte å gje hjelp til den mest hjelpetrengjande ?

 

 

Tenesteytar er sjølv eit offer. "Det er en maskin som alle blir fanget i, de som utøver makt like mye som de den blir utøvet over. " (Lundby, udatert notat s. 60)

 

 

Dette illustrerer ein risiko ved alt samspel, også ved samspelet kring kartlegging av sosialt nettverk, som oppgåva bygg på. Ein har nådd motsatte av det ønskelege, ved å forsterke det ikkje‑ønska. Dersom tenesteytar set alt inn på å oppnå ein symmetrisk allianse, kan tenestemottakar respondere med angst for det er ingen som kan hjelpe, dei profesjonelle synleggjer ingen kompetanse, kanskje tvert om. For å kompensere for manglande tryggleik, underbyr tenestemottakaren tenesteytaren, som svarar med nye tilnærmingar om symmetrisk allianse. I motsett fall kan tenestemottakar miste trua på tenesteytaren si evne til å gje hjelp, og sluttar med å vere lydhør overfor han/ho.

 

 

Det er ikkje slik at dei to mønstra må utvikle seg som onde sirklar. Dei kan vere fruktbare variablar som drivkraft til ei dialektisk utvikling. Bateson utdjupar vesentlege forhold ved det kommunikasjonsteoretiske perspektivet. Han synleggjer nokre markørar som kan nyttast under navigering i dialogen sitt farvatn. Bateson sitt fokus er særskilt knytt til det ikkje‑verbale aspektet. Refleksjon og verbal dialog kjem i bakgrunnen for hans teori all den tid menneska likevel må " ... nøye seg med å bare ha en flik av det bevisste. "(Johannesen mfl. 199 7 s. 96.)

 

 

Som eg tidlegare har vore inne på, finn eg ikkje Bateson sin teori som tilstrekkeleg for denne oppgåveløysinga. Lundby har alt vore nytta som 'kommentator" til min omtale av Bateson. Lundby har oversett artiklar av Michael White, og sjølv skreve artiklar som bygg på hans terapeutiske tradisjon. I denne delen hentar eg inn nokre idear og framstillingar som er å finne i dei to artiklane av Lundby, derav den eine (udatert notat) er ei fli omsetjing av Michael White. Sentrale omgrep er eksternmalisering og narrativar. Eg vil også kort gjera greie for korleis eit grunnmønsteret i ein ekstemaliserande samtale kan sjå ut.

 

 

I følgje White er det narrative (eller på norsk; historia, forteljinga) ein metafor som seier at vi som menneske opplever og erfarer våre liv gjennom dei historiene vi fortel. Han viser til David Epston ved å sitere;

 

" En historie kan defineres som en meningsenhet (unit of meaning) som gir en ramme for erfaring. Det er gjennom disse historiene erfaringene våre blir tolket. Vi går inn i historier; vi blir trukket inn i historier av andre; og vi lever våre liv gjennom disse historiene. " (Lundby 1998 s. 5)

 

 

Vidare seier White;

 

"Eksternalisering er en tilnærming til terapi som oppmuntrer folk til å objektivisere, og til tider, å personifisere problemene de oppfatter som plagsomme. I denne prosessen blir problemet en utskilt enhet og på den måten ekstern(utenfor) i forhold til personen som var, eller forholdet som var, tilskrevet problemet. " (Lundby, notat udatert s. 32)

 

 

Perspektivet endrar seg ved at det ikkje lenger er personen som er problemet. ,' ... det er problemet selv som er problemet. "(Lundby, 1998 s. I I.) Denne distansen som ein skaper til problemet opnar for ein dialog om korleis vanskane innverkar på personen sitt liv, og dernest kva innverknad personen har på problemet. I dialogen søker ein etter unntak frå den dominerande historia, som kan medvirke til å "undergrave problemets dominerende innflytelse på deres selvoppfattning."' (Lundby 1998 s. 3)

 

 

Eit kortfatta omriss av mønsteret til ein eksternaliserande samtale inneber ei kraftig forenkling. Eg håper likevel dette kan synleggjere det berande i mønsteret.

 

 

Etablering av terapeutisk allianse, er sjølve grunnmuren som det vidare samspelet skal bygge på. Om grunnmuren er utrygg, kan ein vanskeleg få nokon til å byggje. Omgrepet terapeutisk allianse peikar på samarbeidsklimaet. Terapeuten må synleggjere seg på ein måte som viser at han står på tenestemottakar side, uansett kva problemet er. Kvifor skulle tenestemottakar elles ha tillit til terapeuten ?

 

 

Definering av problemet, ved å ringe inn ein (gjensidig) akseptabel definisjon kan kreftene samlast mot problemet, framfor a oppretthalde spenning i og mellom personar.

 

 

Eksternalisering, skil sak og person gjennom ein dekonstruksjon av historia. Kva verknad har problemet på kjenslelivet, åtferd, familie, venner, arbeid m.m. Døme på spørsmålsstillingar kan vere; Kven ser problemet, kva for kjensler har problemet erobra og korleis styrer dette livet ditt, når oppdaga du at problemet var eit problem ?

 

 

Identifisering av unntak, ved å finne hendingar som ikkje er styrt av problemet, og som er å føretrekkje framfor dei problemstyrte hendingane. Kvifor er dette å føretrekkje ? Kva kjenneteiknar unntaket ? Unntaket er døropnarren til alternative historier.

 

 

Skape ei alternativ historie. ved å sjå unntaket som ein sekvens. Ei historie er samansett av fleire sekvensar eller hendingar. Korleis kunne unntaket oppstå ? "En måte å gå fra et spesielt unntak til en alternativ historie på er å spørre hva som skjedde før det spesielle unntaket. " (Lundby 1998 s. 16.) 1 denne ny­skrivingsprosessen snur ein den ekstemaliserande retninga motsett veg. No er det like viktig å sameine, eller internaliserer sak og person. Ein tillegg personen "de ressursene og egenskapene klienten tar i bruk for å bekjempe og overvinne problemet, samt å avdekke hva det forteller om personens indre egenskaper og muligheter. "(Lundby 1998 s. 16). M. White kallar dette for ny‑skriving av historia.

 

 

Effekt er knytt til dei endringar som oppstår hjå ein person eller i ei gruppe, i høve sjølvbilde og samspel, når historia vert ny-skriven og gir ny meining. Den personlege bearbeidinga og forestillinga påverkar det aktivitets- eller åtferdsmønsteret som personen syner i samspel med omgivnadane. C. Jessen viser til Leontjev m.fl. sine teoriar; ,' Virksomhederne er følgelig processer, som mennesker ingår i på grundlag af deres egne oplevelser af deres indre tilstande og af den ydre verdens betingelser. Det er altså den subjektive oplevelse af stimuliene, der får oss til at handle ikke stimuliene alene. " (Jessen, 1996 s. Il.)

 

 

Som ei avrunding på det kommunikasjonsteoretiske perspektivet vil eg sitere Sissel Reichelt som løfter tenestemottakaren sin eigen kompetanse fram i lyset;

 

"Den økte bevisstheten om at vi ikke er eksperter fører til at vi maksimerer klientsystemets egen ekspertise. " (Reichelt, 1996, s.236)

 

 

2.2. Om modellmakt og oppheving av denne

 

 

"Hvis kunnskap er makt................ ... hva slags avmaktsforhold kommer vi inn i nårvi tilskriver andre å ha fasitsvarene på spørsmål om et saksområde? (Bråten 1998 s. 9 7)

 

 

Modellmakt vert skapt når eit saksområde vert avgrensa på ein måte som favoriserer den eine parten si omgreps- og forestillingsverd framfor den andre. Dersom den eine part A tileignar seg den andre part B sin modell, utan sjølv å skape modellar på eigne premiss, aukar part B sin kontroll over part A. Bråten seier:

 

” ... når du godtar den andres virkelighetsdefinisjoner som virkelige og dermed bidrar til å gyldiggjøre dem, så er du med på å gjenndanne og kanskje omdanne virkeligheten på premissene til kilden for virkelighetsdefinisjonen. "(Bråten, 1998 s. 10 7)

 

 

I det kommunikasjonsteoretiske perspektivet finn ein parallellar med Bråten si J framstilling av korleis modellmakt kan opphevast, ved å hente inn den "svak&' part sitt saks- eller kompetanseområde i dialogen. Bråten si framstilling er, slik eg oppfattar den, basert på eit pedagogisk- politisk fundament. Dette utvidar perspektivet; ved at oppheving av modellmakt skaper bade terapeutiske, pedagogiske og politiske utfordringar.

 

 

Oppheving av modellmakt, kan skje ved; (jamfør Bråten, 1998 s. 10 1.)

  1. Eit saksområde som er definert på A sine premisser vert utvida, ved at ein flytter grensene slik at også B sin bakgrunn vert gyldig for saksområdet.
  2. 2. Eit samtalerom som berre inneheld A sitt perspektiv, vert opna også for B sitt perspektiv.
  3. 3. Frå at kunnskap vert utvikla frå A sin ståstad, legg ein forholda til rette for at også B kan utvikle kunnskap frå eigen ståstad.
  4. 4. Verte medviten att all kunnskap er "gyldig inntil vidare." Heilskapen knyter til seg korrigerande og komplementære syn og utgjer ein "meir gyldig" kunnskap enn "fasitsvar" og delkunnskap.

 

 

Dialogen endrar seg ved at dominante perspektiv ikkje lenger kan ekskludere eller avvise andre perspektiv som irrelevante til saksområdet. Dialogen endrar seg når den kunnskaps‑mektige ikkje lenger kan styrke sin posisjon gjennom einsidig ‑kunnskapsdefinering og utvikling, men må samspela med kunnskap som er utvikla frå ein annan ståstad. Bråten seier:

 

"Gjennom redefinering eller utvidelse av saksområdet D, slik at både A's og B's kunnskap og premisser blir aktuelle og relevante, kan A og B perspektivene som gjennsidig utfyllende ufolde seg som ein dialogspiral mot utvidet erkjennelse. (Bråten, 1998 s.101)

 

 

2.3. Kartlegging av sosialt nettverk

Ved hjelp av sosialantropologiske omgrep har det vore mogleg å tydeleggjerda i strukturar og funksjonelle eigenskapar ved individet si åtferd og dei sosiale prosessane i eit vekslande samspel. Sosial nettverksterapi framstår som ei grein av denne tradisjonen, der klienten eller tenestemottakaren sitt sosiale nettverk medverkar til å låse eller løyse problem. Seikkula, som følgjer den terapeutiske tradisjonen, seier: "Sosiala netverk er en beskrivining av individens sosiala identitet och dess relationsstruktur. " (Seikkula, 1998 s. 44.)

 

 

Eit sosialt nettverk kan skildrast ved hjelp av eit nettverkskart. Eit nettverkskart kan fortnast på ulike måtar. Eit vanleg måte å framstille eit nettverkskart, er å teikne ein stor sirkel, der hovudpersonen vert markert i sentrum av denne. Sirkelen vert delt inn i sektorar, for plassering av ulike grupper, som familie, slekt, skule/arbeid, venner. Tilsette tenesteytarar har gjerne ein eigen sektor. Personar i nettverket vert markert i den sona dei tilhøyrer. Ofte vert grad av intimitet eller avstand synleggjort ved at tjenestemottakaren plasserer markeringane(personane) i ulik distanse frå sentrum av sirkelen. Det er vanleg å skilje menn kvinner med ulike symbol, til dømes med trekant og runding. Inne i markeringane noterer ein eit tall som identifiserer kven personen er. Kvar einskild i nettverket vert notert med namn og forhold til tenesteytar (som tante, bror, arbeidskollega, nabo osv.) på ei eiga liste. Kvar av dei far eit tall som identifiserer plasseringa på nettverkskartet. Samhandlingslinjer verte teikna på kartet.

 

 

I oppgåva gjer eg bruk av ord og omgrep slik eg oppfattar at Seikkula nyttar dei. Ved ei nettverksanalyse studerer ein strukturelle, interaksjonelle og funksjonelle eigenskapar. Vidare søker ein etter å identifisere personar i nettverket som har særskilde funksjonar, knytt til omgrepa nexus-person og isolat. Det finnast fleire omgrep knytt til nettverksanalysa. Eg finn dei nemnde omgrepa som tilstrekkeleg for oppgåveløysinga. Ein kort omtale følgjer:

 

 

Strukturelle eigenskapar er knytt til talet på tettleik og ulike grupperingar. (jamfør mikrosystem) personar i nettverket, nettverket sin interaksjonelle eigenskapar kan knytast til omgrepa einsidig (uniplex) og mangesidig (multiplex). Einsidige interaksjonsrelasjonar har berre eit føremål, som å vitje nokon, betale for ei vare eller liknande. Mangesidige relasjonar har fleire ulike føremål på same tid. Døme på dette kan vere relasjonen mellom barnet og foreldra, som har materielle og praktiske føremål samstundes som dei kjenslegmessige relasjonane er sterke.

 

 

Funksjonelle eigenskapar peikar på omgrep som sosial forankring, sosial støtte og sosial påverknad. Sosial forankring handlar om korleis individet er knytt til ulike grupperingar i nettverket, av både kvantitativ (talet på relasjonar) og kvalitativ (individet si oppleving) art. Sosial påverknad set søkjelys p' om individet kan påverke sine omgivnader og på kva måte dette skjer. Slik eg forstår omgrepet sosiale støtte, peikar det på utstøyting‑ og/eller integreringsprosessar som gruppa syner i ulike situasjonar, samt individet si oppleving av dette.

 

 

Nexus-personen vert kalla for Nettverket sitt auge, av Seikkula. Han seier vidare; ”I natverkskartan ar nexuspersonen via lenkor forenad med vissa medlemmer mer en vad andra er. Med hjelp av nexuspersonen behåller individens netverk sin funksjonalitet. " (Seikkula, 1998 s.41.) Nexuspersonen er den viktigaste personen i individet si nettverk og er kjenneteikna ved å ha særskilt mange kontaktar eller relasjonar.

 

 

Isolat er ein annan viktig person i nettverket. Denne personen har ikkje kontakt med dei andre i nettverket. Isolat har berre kontakt med hovudpersonen og kan utgjere eit trygt rom for open dialog. 'Via isolatpersonen kan man få nya krafter och hjelp att rensa luften. " (Seikkula, 1998 s. 42)

 

 

Ved å ta i bruk omgrepa opnar ein for operasjonalisering og mønsterforklaring av det sosiale nettverket. Det kan gje nyttig kunnskap som kan medverke til å sortere, identifisere og intervenere i forhold ved nettverket. Tenesteytaren har eit middel og ein metode som kan nyttast til å hjelpe‑ og vegleia tenestemottakaren.

 

 

Det kan samstundes vere nyttig å skjela til dei vitskaplege tradisjonane. Ved å ta i bruk etablerte metodar og mønsterforklaringar foretar vi ei rasjonalisering av verdsbiletet. Vi nyttar ytre kriterier for å tillegga individet og nettverket eigenskapar. Individets subjektive oppfatning vert tatt til inntekt for den rådande teori, ved å identifisere dei delane som kan sanne teorien. Dette gjev føringar til ei naturvitskapleg forståing. Med matematiske lover kan ein, i sin yttarste konsekvens, forutsei den framtidige tilstanden til det sosiale nettverket, jamfør den deterministiske tenkinga. Determinisme er «teori som hevder at det i naturen er absolutt kausal samanheng (årsakssamanheng) slik at det i prinsippet er mulig å formulere kausale eller deterministiske lover. » (Pedagogisk psykologisk ordbok 1984)

Slik kunnskap kan sette tenesteytaren i stand til å gje hjelp og vegleiing til tenestemottakaren. Det kan sjølvsagt også gjerast ved hjelp av andre tradisjonar, som til dømes den fenomenologiske tradisjonen innan humanismen. Denne tradisjonen synes å ligge nærmast til å underbyggje denne oppgåva. Idégrunnlaget for oppgåva er å synleggjere tenestemottakaren som ein kompetent forfattar av si eiga livshistorie‑ ei historie som er meiningsberande for han/henne. Martin Heidegger seier; " Historien er en del av oss, og vi er en del av historien. " (Fjelland & Gjengedal 199, .s. 117.) Denne framstillinga ligg svært nær tidlegare referert sitat av D. Epston. Vidare vert det sett eit anna grunnleggjande skilje ved; " ... skillet mellom livsverdenen og fysikkens verden er al den første har mening, mens den siste ikke har det. " (Fjelland & Gjengedal s. 114.) 1 denne samanheng tolkar eg omgrepet meining som den subjektivt meiningsskapande oppfatninga. Dette synes å forankre "meininga med oppgåva" til ein fenomenologisk vitskapstradisjon.

 

 

I lys av det femenologiske perspektivet kan sosial nettverkskartlegging tilleggast eit viktig perspektiv, som Seikkula framstiller slik;

 

"Således er inte ett sosialt netverk en egenskap hos omgivningen, utan dess betydelse och innehåll skapas i individens tankar Vid undersøkningar av netverk har individens egen kvalitativa analys visat seg vara verdfull ... ... .... .. (Seikkula, 1996 s.39ls.45)

 

 

2.4. Teorival - fasit for praksis?

 

Teori er ein omtale av praksis sett frå eit eller fleire moglege perspektiv. Teori er skapt av praksis og praksis skapar teori. Vi møter på ny det sirkulære mønsteret. Når vi vel ut teori før praksis, er det naturleg å hente ut dei forklaringar og tilnærmingar som vi trur kan vere til hjelp for våre utøvande handlingar. I denne oppgåva søker eg etter tenestemottakar som subjekt. Eg har hatt trong om nye kart for å gå nye vegar. Teorivalet er styrt ut frå ønsket om å synleggjere tenestemottakaren sin kompetanse­ gjennom å søke etter hans/hennar meiningsberande historie.

 

 

Eg har søkt etter teori som kan true objektgjeringa av individet. Samstundes kan det tenkjast også å true individet si sjølvkjensle, dersom objektgjeringa har invadert den individuelle identitetsopplevinga på ein altomfemnande måte. Den personleg identiteten vert forma av dei speglingar, stimuli og responsar som omgivnadene gir.

Samstundes påverkar individet omgivnadene. Vi handlar etter kva som gir meining ­eller handlar i forsøk på å skape meining. Dersom vi ikkje vert sett av omgivnadene eller våre handlingar stadig vert møtt med overmakt, risikerer vi å resignere i avmakt. For å hindre den totale sjølvutslettinga skapar vi oss ei ny meining som ligg nærmare opp til det omgivnadene aksepterer. Vi gir avkall på eigne ønskjer, oppfatningar og kjensler for å gje rom til den ytre definering av vår person som ein del av vår identitet. Om vi nyttar teori og metodar som utfordrar objektgjeringa av menneske, kan vi såleis på same tid utfordre og true sjølvkjensla.

 

 

Dette er ei hypotetisk analyse. Siktemålet er å problematisere teorivalet sitt gjelde som kart eller fasit for våre handlingar, eller tiltak. I denne skissa har teori og metodevalet ført til det motsatte av det ein ønska å fremje. Teori- og metodevalet er såleis ikkje tilstrekkeleg for å sikre eit etisk kvalifisert terapeutisk arbeid. Det er trong om kunnskap om målgruppa, klinisk røynsle og sensitivitet overfor individet si vilje og sårbare rom. Kartet, eller teorien, er ikkje tilstrekkeleg for a ferdast trygt på nye vegar. Ein må vere var for hendingar undervegs som ikkje vert fanga opp av det manglande djupneperpsektivet i kartet.

 

 

3.0. PLANLEGGING OG TILRETTELEGGING

 

 

Før sjølve utprøvinga var det naudsynt med noko planlegging og tilrettelegging, som eg her vil omtale i korte vendingar. Eg vil samtidig gje ein kort presentasjon av Family Dialog Set.

 

 

3.1. Family Dialog Set

 

 

Family Dialog Set er utvikla med basis i systemorientert teori og terapi. Settet er utvikla ved Familieavdelinga BUPA, Nordland Psykiatriske Sykehus i Bodø. Det er eit dialoghjelpemiddel som er utvikla frå arbeidet med familiar og har til føremål å skape ein inngang til samtaler med barn og foreldre. Family Dialog Set er meint som eit fleksibelt hjelpemiddel som opnar for at terapeuten sjølv utviklar sin eigen måte å nyttiggjere seg dette på. Settet vert nytta i individuelle samtaler med barn og som kommunikasjonsbru mellom barn og vaksne i familien. Som dialoghjelpemiddel er det såleis utvikla frå erfaringar med familiearbeid.

 

 

Family Dialog Set er samla i ein koffert. Innhaldet er samansett av 80 ulike figurar. Derav er 5 dyrefigurar og 5 "eventyrfigurar" som til dømes klovn og den gode fe. Dei øvrige er menneskefigurar der kvar einskild har sitt karaktertrekk i form av storleik, klessdrakt, hår og hudfarge. Det var trong om eit stort omfang av figurar for å kunne femne det sosiale nettverket ut over den nære familien. Der er 3 ulike nettverkskart eller nettverkslandskap. To av karta har ferdig innteikna landskapskart, derav det eine er identisk med det omtalte nettverkskartet i teorikapittelet. Det tredje kartet er blankt. Her kan ein fritt teikne inn landskapet undervegs i samtalen. Innteikna landskap og samspelslinjer kan endrast ved å fjerne markeringane med ein fuktig klut.

 

 

3.2. Struktur eller blanke ark?

 

Som tidlegare nemnt er bruk av Family Dialog Set nytt for meg. Eg hadde derfor trong om å førebu meg ved å forme nokre køyrereglar før den første samtalen. Denne, etter måten meir oppskrift‑tru strategien, ligg meir opp til den operasjonaliserbare og objektivt kontrollerande framgangsmåten. Eg valte å lage ein

kortfatta guide som gav ein mogleg struktur og retning for samtalen. Utarbeiding av guiden bidrog til ei gjennomtenking av tema for samtalen. Eg ynskte å fristille meg mest mogleg frå forutinntatte føringar, for på det viset gjera meg meir open for tenestemottakar sine temaval og kommunikative åtferd, jamfør Bateson sitt kommunikasjonsperspektiv. Guiden har såleis påverka mi rolle i samtalen. Dette ved å vere ei referanse i bakhand, meir enn ein direkte styringsreiskap. Eg vel av denne årsak å legge ved guiden. (Vedlegg 2) For å best mogleg imøtekomme‑ og spela på tenestemottakaren sine initiativ, valte eg det blanke nettverkslandskapet. Eg fann denne måten å kartleggje på langt meir fleksibel, samt at den gjorde det mogleg med ei sterkare konkretisere av ulike arenaer i tenestemottakar sitt nettverk, ved å teikne inn bustad, arbeidsstad, huset ved fjellet, bord med fire stolar, "pubben" m.m.

 

 

3.3. Praktiske førebuingar

 

 

I forkant av samtalane vart det gjeve informasjon om dialogforma og den oppgåverelaterte samanhengen. Samtykke vart innhenta. Vidare vart det gjort avtaler om tid og stad. Video-opptak vart førebudd. Den førebuinga gjorde eg saman med tenestemottakar. Dette for å nytte hans interesse for teknikk til å etablere ei uformell kontaktform og skape eit grunnlag for den terapeutiske alliansen, jamfør Lundby sin omtale av samtalen i teorikapittelet.

 

 

4.0. UTPRØVING AV FAMILY DAILOG SET - DIALOG OM SOSIALT NETTVERK GJENNOM

AKTIVITET

 

I denne delen vil eg framstille nokre situasjonsbilete av sjølve utprøvinga. I den kliniske verksemda er dette festa til videotape, som gjer det lettare å få ei konkret oppfatning. Når det ikkje er mogleg å framstille i oppgåva, kan ein kort omtale av nokre sekvensar likevel gje eit innblikk. I tillegg vil analysedelen av oppgåva tilføre ei vidare forståing av utprøvingssituasjonen.

 

 

Eg vil først nemne at utprøvinga byggjer på to samtaler, der dei kontekstuelle forholda var ulike. Forutan meg og Ole, var buleiar og lærar tilstade i den første samtalen.

Eg tildelte dei rolla som observerande team. Dette tyder at buleiar og lærar sat noko tilbaketrekt, men var like fullt i stand til å høyre og sjå kva som skjedde. Undervegs i dialogen vart dei bedne om å føre ein dialog seg imellom, der eg og tenestemottakar var tilhøyrarar. Tema for denne dialogen skulle vere dei idear og den undring som var dialog hadde gjeve dei. Vidare gav eg to føringar for dialogen; dei skulle merke seg positive eigenskapar ved tenestemottakar, samt reflektere kring løysingsorienterte idear. Som røynde tenesteytarar nytta dei ei konkret målform for å møte Ole på "heimebane". Det vil sei at ein tilpassa målbruken eit abstraksjonsnivå og ei erfaringsverd som best mogleg ivaretok Ole som den aktivt lyttande. Når Ole og eg samtalte vidare, stod vi fritt til å hente inn idear og tankar frå teamet. Det var viktig at eg opptrådde noko avventande. Dette for å sjå om Ole hadde merka seg noko ved dialogen i teamet, og kva dette var.

 

 

Ole sine tjenesteytarar vert også meir tydelege ved at deira tankar og oppfatningar vert uttalte. Kanskje kan grensene for saksområdet flyttast, slik Bråten omtalar det. i Ein breiare dialog opnar for meir samansette framstillingar og oppfatningar. Såleis syner denne skissa ein veg som kan opne for fleire perspektiv i samtalen. Den meiningsberande historia for den einskilde, i denne samanheng Ole, kan til dømes framtre ved at han støtter opp under eller tar avstand frå dei ulike perspektiva i si framstilling av verda. På same tid kunne det, at buleiar og lærar var tilstade som tilhøyrarar, hemme Ole ved at han vegra seg frå å tale om viktige tema. I den andre samtalen valte eg å prøve utan buleiar og lærar tilstade.

 

 

I den vidare omtalen ser eg dei to samtalane under eitt, utan å ta omsyn til dei to ulike kontekstuelle forholda. Eg vil kommentere erfaringane frå desse to situasjonane mot slutten av oppgåva.

 

 

Situasjonsbilete L. Ole og eg sat på kvar vår side av stovebordet. Framfor oss ligg eit brett eller nettverkslandskap tomt for figurar, samhandlingslinjer og landskapsteikningar. Ved sida står kofferten oppslått, full med ulike figurar. " Ole, no skal vi sjå om desse figurane kan hjelpe til. Eg vil sjå om dei kan hjelpe, slik at eg vert betre kjend med deg og nokre av dei "folka" som du kjenner. Er det greitt for deg ? Ole nikkar. Han lener seg bak i sofaen med armane i kors. Han møter blikket.

"Ole, kan du finne ein figur som kan vere deg?" Ole lener seg fram, snur og kikkar på fleire figurar. "Denne, denne kan vere meg." Han set ein blåkledt figur ned på kartet.

 

 

Situasjonsbilete 2: Ole nippar til kaffikoppen og svarer straks han har svelgt unna;

Fem, det er plass til fem ........ dersom det er ein femsetar." Ole har greie på bilar.

Han har henta fram 34 figurar som står på kartet. Dei er plassert kringom i landskapet som til dømes; "pubben", arbeidsstaden, naboar, venner, tilsette i bustaden, trimstudio. Kjærasten som bur på andre sida av fjorden er plassert lengst borte i hjørnet med ein telefon innteikna ved sida av seg. Ein gammal kjenning frå barndomstida står einsam igjen ved foten av det innteikna fjellet der Ole sprang som         liten. "Ole, kven ville du hatt med deg på bilferie du kan velje akkurat slik du mest ønskjer det." Ole sit heilt stille. Eg teiknar ein bil med fem ledige plassar. Om litt er dei to første figurane på plass. Ole sit uroleg i stolen. Han held eine handa framfor munnen når namnet kjem: "Ho Anna." Ole strekkjer seg etter kjærasten som snart tar plass i baksetet. Ole smiler breitt. "Du Ole, kven trur du hadde blitt mest overraska over dette T' Ole tenkjer seg om, mens han let blikket vandre over

nettverkslandskapet.

 

 

Situasjonsbilete 3 Jonathan representerer ein fiktiv person, som er skapt for høvet. Han er såleis ikkje ein del av Ole sitt eigentlege nettverk. Situasjonsbilete; Ole er uvanleg lågmælt. Midt i landskapet står Jonathan, ein figur som Ole nyss er vorten kjend med. Eg har fortalt litt om Jonathan. Situasjonen hans er til forveksling lik stoda til Ole. Ole veit mykje om korleis det er å ha det slik. Kanskje kan Ole gi råd til Jonathan ? Vi har alt ført ein lengre dialog om kva kjensler kan vere. No er Jonathan svært lei seg, han gret. Han skulle så gjerne ha nokon å snakke med. Eg let Jonathan spøre " Er det nokon eg kan tale med T' Ole bøyer seg fram. Han er raud i kinna. " Eg veit ikkje" svarer han. Men Jonathan gir seg ikkje " Er det nokon som har vore saman med deg når du har gråte ? Ole er taus. Svaret kjem langsamt og alvorleg: "Foreldra mine, men det er lenge sidan."

 

 

5.0. ANALYSE

 

Denne bolken tar for seg omgrep og idear frå teoridelen, for å sjå om den kan medverke til forklaringar eller å kaste lys over utprøvinga av Family Dialog Set. For orden skuld nemnar eg at Seikkula si bok "Oppna samtal" er på svensk. Ei mindre tillemping av språkleg art har vore naudsynt. Sentrale omgrep vert så langt råd, nytta som i originalspråket.

 

 

5.1. Kartlegging av strukturelle eigenskapar i nettverket

 

 

Nettverkskartet har 34 figurar. Det kan registrerast 8 landskapsfelt eller sektorar. Talet på personar i dei ulike landskapsfelta varierer frå I til 9. Dei største grupperingane er knytt til familie og arbeidsstad. Sjukehuset (Habiliteringstemnet) og kjærasten utgjer kvar sin del av landskapet med berre I figur tilstade. Bustadspersonell og lærar ved Vaksenopplælinga utgjer ein samla del, ettersom undervisninga foregår i bustad. Det kan synes som om tettleiken, eller interaksjonsmengda er størst i denne grupperinga. Samstundes har utprøvinga i mindre omfang fokusert på interaksjonsmønteret i det totale nettverkslandskapet. Det framstod som ei svært vidfemnande oppgåve, ettersom interaksjonar og relasjonar endrar seg etter kva for kontekst eller situasjon som er gjeldande. Eg fann det mest turvande å knyte relasjonsperspektivet opp til konkrete situasjonsomtaler. Vidare nytte eg ikkje den skisserte tilnærminga med å gradere intiinitetsopplevinga til tenesteytar etter figurane sin avstand til sentrum av sirkelen. Det framstod som for abstrakt og vanskeleg. I staden vart det, som nemnt, tatt i bruk omtalar av konkrete situasjonar. Eit døme kan vere; Det er innteikna eit rundt bord, med fem stolar. Ole skal inviterer til kakeselskap, ved å hente inn person figurar fta nettverkslandskapet.

 

 

Etter mi vurdering syntest det som om Ole hadde god oversikt over personar i nettverket. Han inkluderte etter måten mange personar. Ved eit par høve plasserte han figurar på kvar sine felt, utan at han kom på namnet. Eit trekk som framstod tydeleg undervegs, var skjerming av informasjon knytt til to landskapsfelt. Dette var felt som boligpersonalet oppfatta som problematisk, ettersom tilvisinga av saka til habiliteringsteamet refererte til desse miljøa i skildringa av vanskane til Ole. Ole diskriminerer såleis informasjonen etter kva for sosial situasjon han er i.

 

Dialogen er følgjeleg ikkje fullt ut open og symmetrisk. Dette er ein rimeleg og forventa posisjonering av rollene.

 

 

5.2. Kartlegging av interaksjonelle Og funksjonelle eigenskapar i nettverket

 

 

Nexus-personar var ikkje umiddelbart tydelege, noko som kan skyldast at samspeissituasjonar var avgrensa til enkeltsituasjonar. To personar peika seg likevel ut ved å ha mange kontaktlinjer i nettverket. Buleiar var i kontakt med familie, arbeidsstad, naboar og sjukehuset. I tillegg deltok buleiar på trimstudio, i si fritid. Far kjente personar i bustad, arbeidsstad, "pubben", samt kjærasten til Ole. Når buleiar og far trer fram som nexus‑personar, passar den framstillinga godt til den informasjonen eg alt sat inne med. Sett i lys av den teoretiske forklaringa, kviler mykje av nettverket sin funksjonalitet på desse to personane.

 

 

Isolat, i form av at berre Ole hadde kontakt med ein av personane i nettverket, var ikkje mogleg å identifisere. Slik Ole framstilte det, var det 2 personar som hadde berre ei sambandslinje, forutan den linja han sjølv hadde. Dette var psykolog ved vaksenhabiliteringa, samt ein kjenning frå "pubben." I teoriframstillinga har isolat ein funksjon som "eit trygt rom for open dialog". Om denne kvaliteten kan tilleggast Ole sitt samspel med desse personane, kom ikkje fram i vår dialog. Kontakten med psykolog har vore avgrensa til to korte møter. Slik Ole skildrar kjæresten, synes denne kontakten tydelegare å ha kvalitetar som isolat. Ole framstiller det slik at dei har kontakt pr. telefon utover det nokon andre i nettverket kjenner til. Kanskje er dette eit rom fornya krefter

Dei interaksjonelle‑ og funksjonelle eigenskapane sin framtreden gjennom narrativ‑ og eksternaliserande dialogform var særskilt knytt til den andre samtalen. Nettverket sitt omfang var langt på veg kartlagt, og hovedfokus vart no retta mot samspel. Interaksjonelle- og funksjonelle eigenskapar ved nettverket vart ettersøkt. Eit berande tema i samtalen var knytt til kva kjensler er- og kva kjensler som kan oppstå i ulike sosiale situasjonar. Situasjonsbiltete 3 er henta frå denne samtalen.

 

 

Med tiltvisinga til seksjonen fulgte opplysningar, som tidlegare er omtalt. På Ole si fritid har han hatt kontakt med gutar i 12-15 års alderen. Dette er gruppene som Ole skjermar, ved å nærmast utelukke dei på nettverkskartet. Dei unge gutane oppsøker Ole i hans bustad. Bruk av alkohol og videofilmar syntest å danne felles motivasjon for samværet. Ved bruk av nettverkskartlegging leita eg etter kvar Ole søkte si sosiale forankring, som til dømes ein arena der han opplever å vere særleg verdsett. Dei unge gutane framstod som sannsynleg gruppe. Ole kunne kjøpe alkohol og hadde husvære der videofilmar var mogleg å sjå i fred. Det kunne gje ei oppleving av å vere i ein verdfull posisjon overfor gruppa.. Denne gruppa var i hovudsak skjerma frå kontakt med andre mikrosystem, og utgjorde tilsynelatande ein fristad, borte frå kontroll og ytre styring.

 

 

Undervegs i dialogen konstruerte eg følgjande "rollespel" i nettverkslandskapet: Det er kveld. To figur-gutar bankar på ruta. Dei vil inn. Samstundes kom primærkontakten inn i husværet. Ho seier til gutane at det er for seint på kveld til å kome på vitjing. Gutane dreg avgarde. Eg spør; 'Kva tenkjer du om det primærkontakta di gjorde kva for kjensle er den sterkaste T' Ole svarar "Eg veit ikkje- mest glad kanskje."

 

 

Med fare for å tillegga svaret for stor vekt, var det likevel slått sprekker i forestillinga om at Ole ville kjempe for å ivareta ei verdsett rolle med tilhøyrande sterk sosial forankring i gruppa. Dette gav opning for andre spørsmål. Kanskje Ole hadde ei anna historie ?

 

 

Sosial forankring er, slik Seikkula omtaler den, også knytt til individet si oppleving av innverknad det å ha noko å sei i gruppa. Kven styrte kven i denne gruppa? ~ Var Ole "fanga" i gruppa fordi andre hadde kontroll og styring? Var Ole si kjøpekraft viktigare enn vennskap ? Dette var spørsmål eg stilte meg sjølv. Samstundes var eg her ute etter Ole si historie, mest mogleg fri frå mine føringar. Det neste "trekket' var å finne ei akseptabel problemdefinering. Den vidare strategien var å eksternalisere problemet, for å gjera "problemet til problemet."

Som urøynd brukar av Family Dialog Set fann eg snart at den tilmålte tida ikkje strakk til. Det var naudsynt å leggje ei prosesstenking til grunn. Når kompetansen til tenestemottakar vert synleggjort, har ikkje dette berre konsekvensar for tenesteytar. Det kan også innebere ei synleggjering for tenestemottakaren sjølv. Dette kan endre historieoppfatninga, ved at nye meiningssamanhenger og andre idear trer fram. Med prosesstenking legg eg til grunn ei anna rettesnor: For at nye idear skal tre inn i individet si eiga historieoppfatning, bør ideen ikkje vike for sterkt frå den noverande oppfatninga og identitetskjensla. Ideane vert då lettare oppfatta som framande og har vanskeleg for å finne sin plass i historia. Vidare, har idear som tillegg eller forsterkar individet sine positive eigenskapar, vanlegvis lettare for å verte akseptert og kan utgjere eit ønska endringspotensiale. Som ein del av prosessen skapar individet sjølv J sine idear, under eller etter dialogen. Dialogen kan vere eit rom for å prøve ut nye idear. Ettersom integrerte idear endrar den meiningsberande historia, vil det igjen skape grobotn for nye idear. Prosessen kan såleis forståast sirkulært, slik dette er omtalt i teoridelen.

 

 

I vår kontakt med Ole og hans nærmiljø vart vi kjent med ulike sider av saka. Eit lite innblikk i den vidare historia følgjer. Det synte seg at Ole mangla reelle val av alternative fritidssyslar. Interessekartlegginga synte at Ole hadde ulike aktivitetsinteresser og erfaringar frå tidlegare. Buleiar og dei andre tenesteytarane valte følgjande framgangsmåte; dei la om tilbodet på kveldstid for å møte Ole på felt som han var motivert for. Ein skapte alternative val for Ole, ved å gje han hjelp til å oppsøkje andre og ønska arenaer for samspel og aktivitet. Kontakta med dei unge gutane har endra karakter den siste tida. Fleire har trekt seg unna, medan eit par gutar opprettheld noko kontakt utan at alkohol utgjer noko vesentleg rolle.

 

 

Nettverkskartlegginga, som oppgåva har omtalt, innbydde til ei alternativ historieforklaring. Dei funksjonelle eigenskapane i Ole sitt nettverk var ikkje nett slik ein hadde forestilt seg. Dette var vegleiande for personalet når alternative tiltak skulle formast, og nemnde historie tok form.

Interaksjonelle eigenskapar i nettverket vert i teoridelen knytt til omgrepa einsidige og mangesidige relasjonar. Utan at det lot seg gjera å fokusere særskilt på dette, kan det trekkast fram eit døme som syner at kartlegginga opnar for nærmare Innsyn" i slike samspelstilhøve. Ole arbeider saman med ein større arbeidsgjeng. Dei fleste er kollegaer knytt til arbeidsarenaen, medan ein av dei også er nabo. Denne figur­personen valte Ole til å vere med på bilferien, omtalt i Situasjonsbilete 1. Ole valte tre (3) figur-personar, som han særskilt ynskte å ha med på bilferie. Dei to andre i bilen var kjærasten og ein miljøarbeidar. Den tredje framstod som arbeidskollega, nabo og utvalt kamerat.

 

 

5.3. Metaperspektiv på kommunikasjonen

 

 

Med hjelp av Bateson vart følgjande omgrep introdusert; sirkulære samanhenger, ulike versjonar av røyndomen, samt rolleomgrepa symmetri og komplementaritet. Med Bateson sitt fokus på det ikkje-verbale, er kroppsspråk ein viktig kommunikativ faktor. Vidare vart makttilhøva i samspelet omtalt ved Bråtens "modellmakt". Dette dannar eit grunnlag for å sjå på samspelet under nettverkskartlegginga frå eit metaperspektiv. Videoopptak gjer det lettare å vurdere dette perspektivet i etterkant.

Dialog, gjennom figur-personar i nettverkslandskapet var ramma for utprøvinga. Sirkularitet framstod mest tydeleg i den verbale kommunikasjonen i kraft av spørsmålsformuleringane. Det gjaldt særskilt den andre samtalen. Søkelyset var retta mot Ole's oppfatning av eigenskapar og samanhenger i nettverket med kva, kven, og korleis spørjingar. Spørsmålsstillinga kvifor vart ikkje nytta. Denne spørjemåten har lett for å låse den sirkulære dynamikken. Den som skal svare søker då gjeme ei årsaksforankring til problemstillinga. Eit fokus på ulike konsekvensar og samspelande faktorar vert lett tilsidesett. Ei årsaksdefinering har lett for å punktere endringspotensialet og avgrense perspektivskiftet i dialogen. Ei ny-skriving av historia kan såleis verte hemma.. Dialogen opnar slik sett for ein symmetri i dialogen, som langt på veg var prega av nøytralitet og ein utforskande spørjemåte. Sjølve spørsmålsstillingane bar i liten grad med seg føringar om kva som var forventa svar. Samtidig bar kommunikasjonen klart preg av ein komplementær rolleposisjonering. Dette ved at den eine part var den utforskande, medan den andre vart utforska.

Rolleposisjoneringa kom også periodevis til utrykk i kroppsspråket, særleg i den første delen av samtalen. Ole sat då tilbakelendt med armane over kors, blikket flakka meir kringom i rommet og dei verbale kommentarane var nøytrale og kortfatta. Som terapeut synte eg tendensar til a kompensere for balanseendringa ved å "forfølgje" Ole med et meir intensivt kroppsspråk. I tilleg til å verte meir usikker, og fomla meir med spørsmålsformuleringane, luta eg overkroppen fram mot Ole, og freista fange blikket hans.

 

 

Dei komplementære rolleposisjoneringane syntest likevel å vere i ein utfyllande balanse, utan at makt-avmaktsforholdet eskalerte. Spenningsforholdet i dialogen framstod meir som eit bølgemønster. Ein trygg grunn gav ei avslappa atmosfære, medan spenninga auka og toppa seg når vanskelegare tema vart omtalt, før ein på ny rodde det heile inn på trygg grunn igjen. Eit visst spenningsnivå var naudsynt for å utfordre det etablerte tankesystemet, samstundes som landkjenning gav tryggleik til å opne dialogen.

 

 

Bateson omtalar ulike versjonar av røyndomen. Oppgåva har til føremål. å hente fram tenestemottakar sin versjon. Samstundes er røyndom eit omgrep som på det næraste er uendeleg i sitt innhald og som skifter sanningskarakter med tid og perspektiv. I lys av denne forståinga må røyndommen eller den felles forståinga skapast. i dette høvet er det trong om å ta omsyn til abstraksjonsdugleiken til tenestemottakaren. For å engasjere Ole i dialogen må omgrep og situasjonsbilete vere etter måten konkret og ha si referanse innanfor den kvardag som Ole opplever som sin røyndom. Noko anna ville vere å "spela Ole av bana." Derfor fann eg det tenleg å framstille tenkte, men likevel konkret illustrerande situasjonsbilete. Kommunikasjonen bar preg av å engasjere Ole. Samstundes kunne dialogen, i eit meta perspektiv, framstå som ei stadfesting av tenesteytar sin suverene maktposisjon. Dette ved at terapeut definerer saksområdet, jamfør Bråtens omtale av modellmakt. Motivet for dialogen er like fullt det fenomenologiske idealet om den meiningsberande fivsverda. Ut frå dette perspektivet er terapeuten sitt forsøk på å "male" konkrete situasjonsbilete, ein streben etter a definere saksområdet på ein måte som inkluderer tenestemottakar. Bråten omtaler dette som å opne samtalerommet for B sitt perspektiv, jamfør teoriomtalen. På dette viset "skifter skuggen etter kvar sola står."


 

 

I store drag bar dialogen preg av a vere open og tiltakande reflekterande. Samstundes gir dei teoretiske omgrepa tilgang på ulike perspektiv som skapar eit noko meir samansett bilete. Denne erfaringa kan samlast i følgjande formulering: Ein dialog kan endre karakter ved at ein skifter perspektiv.

 

 

Det reflekterande team har synleggjering av ulike perspektiv som føremål. Ved at lærar og buleiar vart tildelt denne rolla, syntest to kryssande omsyn å ta form. Det eine omsynet var å legge til rette for at Ole makta å gje plass til sine sosiale kontaktar på nettverkskartet. Det andre omsynet var knytt til å skape ein opnare dialog mellom Ole og hans hjelparar.

 

 

Under kartlegginga skjerma Ole seg frå å identifisere figur‑personar som var knytt til bestemte sosiale grupperinger. Dette var sosiale kontaktar som buleiar i si tilvising til habiliteringa hadde definert som problematisk. Ole avgrensa sjølv saksområdet. Ved at buleiar og lærar fierna seg, var det mogleg at Ole lettare kunne hente fram sine "skjulte" kontaktar og "skjulte" historier. Samstundes kunne buleiar og lærar, ved å vere tilstade, bidra til ufarleggjering av dei "skjulte historiene" ved å sette ord på sine forestillingar knytt til temaet.

 

 

Ut frå mi erfaring, har skjulte historier ein tendens til å leva sitt eige liv. Det kan skape grobotn for lukka forestillingar om kva andre tenkjer. Når dialogen opphøyrar, stengjer ein samtidig døra for viktige impulsar når meiningsberande samanhengar skal formast. Det kan opparbeide seg utryggleik for andre sine førestellingar ein ottast for maktutøving som kan krenke den skjulte historia og forfattaren. Om denne "skjulte vegen" utviklar seg til eit karaktertrekk ved samspelet, har det eit potensiale som kan låse dialogen og utløyse lojalitetskvalar og samspelskonfliktar. Til dømes kan aggresjon, unnvikande åtferd, redusert fleksibilitet i handlingsmønsteret, symptomatisk opptre. Ikkje sjeldan synes slik åtferd å mangle samsvar med det ytre situasjonsbilete eller andre direkte observerbarre tilhøve. Samanhengen kan ligge i dei J "skjulte" historiene og er av den årsak ikkje direkte tilgjengeleg for observatør eller tjenesteytar.

 

 

I eit terapeutisk bilete handlar det om åintervenere overfor rommet med dei skjulte røyster og historier. Det er tjenestemottakaren sjølv som sit med nøkkelen. Den terapeutiske strategi er å skape ein posisjon for tenestemottakar som døropnarr. I denne oppgåva søkjer ein å skape denne posisjonen ved bruk av Family Dialog Set. Ein føresetnad er at tenestemottakar opplever å ha støtte (jamfør terapeutisk allianse) og kontroll i dialogen. Dersom terapeut eller andre tenesteytarar presser hardt på, er risikoen stor for at dialogen "frys". Tenestemottakar stengjer då døra for å hindre at dei meiningsberande samanhengane vert invadert og truga. Ein dialog er på same tid avhengig av at historier vert fortalt når nokon lyttar og kan gje tilbakemelding. Det er ønskeleg at ein open dialogen vert forankra hjå tenestemottakar og dei nære tenesteytarane. Dersom ikkje denne forankringa lukkast er risikoen stor for at nye historier vert rekruttert til det "tause rommet" og samspelskonfliktane vert oppretthalde.

 

 

For å imøtekomme begge dei to nemnde omsyna valte eg å prøve to samtaler, med­ og utan reflekterande team. Samtalane, framstod som ulike med tanke på Ole sitt kroppsspråk og den verbale involveringa i samtalen. Ole syntest å vere langt meir tilbakeholdande i den første samtalen, når buleiar og lærar var tilhøyrarar. Ulikskapen kan også forklarast ut frå at Ole var tryggare på meg og arbeidsforma i den andre samtalen. For å "maksimere klientsystemets egen ekspertise " (Reichelt 1996 s. 236), vil eg samstundes vere varsam med å importere informasjon til spesialisthelsetenesta, utan at det nære klientsystemet er involvert. Dette kan forskyve ansvar og skape ein problemløysingstradisjon utanfor den daglege samspelsarenaen. På same tid kan dei skjulte historiene forbli skjulte dersom ikkje tenestemottakar kan stole på at, tenesteytarane, som han står i eit avhenge‑forhold til, deler interessa for at "skjulte" historier skal kome fram i dagen. I samråd med Ole vert informasjonen frå den andre samtalen brakt tilbake til det nære klientsystemet. Dette ved at Ole, saman med habiliteringstenesta, inviterer buleiar og lærar med på videoframsyning og samtale kring dei forhold som kjem fram i videoen.

 

 

Som forfattar av denne oppgåva har eg langt på veg kontroll over kva for metaperspektiv som vert synleggjort. Det handlar i så måte om bukken og havresekken. Framstillinga vert prega av den ståstad eg har, den kunnskap og historiereferanse som eg kjenner til. Samstundes er saka knytt til eit tverrfagleg team. Psykolog og vernepleiar har til dels vore knytt til arbeidet i kraft av faglege støttepunkt og referansar. Dette kan forsterke den komplementære rolleposisjoneringa ved at spesialisttenesta forsterkar si modellmakta gjennom tverrfagleg forankring. Svaret kan også vere det motsatte, ved at andre fagperspektiv nyttar sitt kritiske blikk på saka. Det får vere ei anna historie.

 

 

6.0. SYNLEGGJERING AV KOMPETANSE - El OPPSUMMERING

 

 

Etter ny vurdering har ein ved bruk av figurmaterialet (Family Dialog Set) og egna kunnskap om kommunikasjon, medverka til at Ole sitt personlege eigenskapar og samspelsmønster har vorte tydelegare. Særskilt syntest den eksternaliserande og narrative dialogforma å gjera det mogleg for Ole å foreta perspektivskiftar, som verka frigjerande på forestillingsevna. Det å kunne innta ulike perspektiv er ein grunnleggjande milepæl i den sosio-psykologiske utviklinga. For eit menneske med moderat- til alvorleg psykisk utviklingshemming er dette i overkant av forventa sosialt dugleiksnivå. Det er mogleg at vi, gjennom bruk av denne aktiviteten, kan senke kravet til abstraksjonsdugleik. Bruk av figurar og nettverkslandskap i dialogen kan synes som ein analog versjon av den sosiale rolleleiken som normalt utviklar seg kring 3 års alder. Den tilrettelagde aktiviteten medverka på dette viset til å senke abstraksjonsnivået i samtalen. Det gjorde det mogleg å involvere Ole i ein samtale om sosialt nettverk, knytt til etter måten samansette sosiale problemstillingar og eit sosialt nettverk av stort omfang. Ole inntok ein engasjert og aktiv posisjon i dialogen. Ved å føre samtalen via ein felles aktivitet, vart samtaleforma mindre direkte. Samtalen gav lettare rom for små pausar som medverka til eit roleg tempo. Aktiviteten bidrog til å konkretisere og oppretthalde tema i dialogen, sjølv om temporeduksjonen gav samtalen eit forlenga tidsspenn. Ole ynskte sjølv å føre samtalane vidare, på tross av fleire tilbod om å avslutte undervegs. Det syntest som om samtaleforma gav Ole oversikt og oppleving av meistring. Det kan ha medverka til eit rimeleg lavt spenningsnivå i samtalen. På dette viset dempa vi dei forsvarsmekanismar og kompenserande strategiar som Ole har etablert i den tradisjonelle verbale samtaleforma.

 

 

Kva for "resultat' og svar har utprøvinga gjeve? Er tenestemottakar sin kompetanse i høve sosialt nettverk meir synleg ? Kva veit vi noe som vi ikkje visste frå før?

 

 

Eg finn grunnlag for å trekke fram følgjande resultat frå utprøvinga:

Ole kan gå inn i sosiale problemstillingar, føre ein samtale og reflektere kring dette.

Ole kan gje råd om korleis ein kan handle i samansette sosiale situasjonar.

Ole kan sette ord på kjensler som oppstår i gitte sosiale situasjonar.

Ole kan gje utrykk for ønska relasjonar i gitte høve.

Ole kan gje ein rimeleg god kvantitativ og oversiktlege framstilling av sitt sosiale nettverk.

Ole kan gje utrykk for korleis han oppfattar samspelet mellom personar i sitt nettverk, ved gitte høve.

 

 

Kan dette gje føringar for vegen vidare for kva lei tenestetilbodet bør utviklast? Dette spørsmålet er det primært opp til Ole og hans nærpersonar å svare på. Oppgåva gir likevel nokre perspektiv som det truleg er nyttig å ta omsyn til. Ole trer fram som ein person med omfattande kompetanse i høve sitt sosiale nettverk. Den tilrettelagde dialogen kan medverke til at Ole i større omfang gjer reflekterte val. Det kan byggje opp under ansvarskjensla og auka opplevinga av å meistre av samspelssituasjonar. Dialogen kan synleggjera Ole betre. Ole kan gje utrykk for kjensler som knyter seg til situasjonar i kvardagen. Slik eg ser det, kan dette redusere risikoen for mistydingar og samspelskonfliktar. Denne dialogforma syner såleis ein mogleg veg som kan påverke dei tilviste åtferds- og samspelsvanskane.

 

 

Utprøvinga viser at tenestemottakar sin kompetanse kan gjerast meir synleg. Den tilrettelagde samtalen opnar for at tenestemottakar involverer seg i samtalen, på ein måte som kanskje ikkje hadde vore mogleg utan Family Dialog Set. Samstundes kan samtaleforma synes lite tilgjengeleg for urøynde tjenesteytarar. Dette fordi det gis rom for omfattande føringar og tolkingar frå terapeut eller tenesteytar si side. Det stiller krav til at tenesteytar har tilstrekkeleg kommunikativ dugleik med ein tenleg teoretisk­- metodisk forankring.

 

 

Oppgåva har tatt mal av seg til å synleggjere kompetanse hjå tenestemottakar. Utprøvinga er svært avgrensa i sitt omfang, og har ikkje tatt mål av seg til å gje eintydige konklusjonar. Utprøvinga har gjeve eit lite innblikk i ein måte å tilretteleggje dialogen på. Arbeidet med oppgåva har gitt meg erfaringar, idear og tankegods som kan inspirere og utvikle samtalen som metode og reiskap. Ole har delt tankar, ønskjer og kjensler. Dette har gjeve eit utfyllande bilete av samspel og sosialt nettverk slik Ole, eit menneske med psykisk utviklingshemming, ser det.

 

 

Eg oppfattar såleis utprøvinga av Family Dialog Set som vellukka ut frå spørsmålsstillinga i oppgåvetittelen: Ser du det som eg ser ?

 

" Tell me and I will forget. Show me and I may remember.

Involve med and I will understand".

 

 

7.0. Vedlegg 1: Guide for samtale 1.

Utprøving av Family Dialog Set til sosial nettverkskartlegging

 

 

Mål:

Oppgåva har til føremål å undersøke om bruk av figurar i dialogen er egna til å gje utvida informasjon om Ole si oppfattning av sitt eige sosiale nettverk

 

 

Metodisk framgangsmåte:

Gjennom dialog og spørmål gir vi Ole følgjande oppgåver;

A: Ole identifiserer personar frå eige nettverk gjennom bruk av figurane.

B: Ole plasserer id-figurane i nettverkssoner eller i grupperingar (mikrosystem).

C: Ole avstandsdifferensierer id-figurane etter ønske om kontakt. (Kontektsdefinering: Ole differensierer id-figurane i primærsone(intimsone) og sekundærsone (kontaktsone) ved gitte konstruerte, men kjente situasjonar.)

D: Ole skisserer samspels- eller dialoglinjer mellom figurar i ulike mikrosystem.

E: Ole rokkerer på id-figurane si plassering ut frå eigne ønske om endring i nettverket.

 

Kriterier for avbrytinq av tiltak:

1. Utprøving avsluttast dersom Ole syner tiltakande avversiv åtferd eller sterke kjenselmessige reaksjonar.

3. Ole syner manglande engasjement og motivasjon for å forsette dialogen.

2. Ole mestrer ikkje å nytte figurane som identifiseringsobjekt av kjente personar i nettverket.

 

Registrering

Registrering er knytt til to tidsvindauge:

1. «Her og no»-registrering av kommunikativt samspel og retning i samspelet knytt til formålet med oppgåva. Notat- stikkordsskriving.

2. «Historisk»- registrering og sikring av analysemateriale ved video-opptak.

 

I tillegg deltek buleiar og lærar ved vaksenopplæringa gjennom ein «reflekterande-team»

posisjon.

 

 

8.0. LITTERATUR

 

 

Bråten, Stein (1998): Kommunikasjon og samspill. Oslo:Tano‑Aschehaug

Hoen, Margrethe & Helseth, Ragnhild (1997): ICD-10. Ergoterapeuten nr. 13. s. 70-73

Fjellanger, Ragnar & Gjengedal, Eva (1995): Vitenskap på egne premisser. Oslo: Ad Notam Gyldendal

Fyrand, Live (1994): Sosialt nettverk. Oslo: TANO A/S

Jessen, Claus (1996): Den kulturelle vej. Spesialpedagogikk nr.2 s.8‑16.

Johannesen, Eva m.fl. (1994): Rådgiving. Oslo:Universitetsforlaget

Kristiansen, Kristjana (1994): Normalisering og verdsetjing av sosiale roller. Oslo: Kommuneforlaget

Lundby, Geir Utdatert notat): Ekstemalisering av problemet. Notatet er fritt oversatt frå White, Michael (1991)

     «Nya vegar inom den systemiska terapin» Stockholm: Marel.

Lundby, Geir (1998): Terapeutisk endring og nyskriving av livshistorier. Fokus på familien nr. I s. 3-20.

Reichelt, Sissel (1996): Veiledning innenfor systemisk terapi. Tidsskrift_ for Norsk Psykologforeining. s.232-8.

Seikkula, Jaakko (1996): Oppna samtal. Stockholm: Mareld

 

Diagnostic and statistical manual og Mental disorder, fourth edition. D SM‑IV (1994) Washington D.C: American Psychiatric Assosiation

 

Stortingsmelding nr. 21 (1998-9): Ansvar og meistring. Oslo: Sosial- og Helsedept.

 

Inernett-kilde: http://www.who.ch/msa/mnhlems/icidh.htm.(1999) International classification of Impairments,

Activities, and Participation.